Fra venstre: Christian Hammerseth (serviceansvarlig), Robert Ellingsund (daglig leder), Therese Vårdal (økonomiansvarlig) og Thomas Thunes (prosjektansvarlig).

Dette er Florø Rør

Florø Rør vart etablert i 1989 av Inge Ellingsund. Sidan den tid har firmaet vokse og utvikla seg. Etter 25 år står vi fram som eit topp moderne rørleggarfirma, med brei erfaring og kompetanse. I dag er det Robert Ellingsund som er dagleg leiar.

Florø Rør har 13 rørleggarar, og av desse er 3 lærlingar. Til saman er vi 17 medarbeidarar i staben. For oss har det heile tida vore viktig å utvikle bedrifta og ta til oss ny kunnskap og å vere oppdatert påverktøy og utstyr.

 

Vi utfører alt av VVS-arbeid og installerer varmeanlegg og alternative oppvarmingskjelder - både for einebustader og industri. Dei siste tre åra har vi jobba med meir enn 200 bueiningar.

 

Staben har brei kompetanse og vi tar på oss alt frå dei minste servicejobbane til store prosjekt innan industri og VA-anlegg. Rørlageret vårt er stort og effektivt, slik at vi aldri skal gå tomme for delar. Hovudgrossisten vår er Ahlsell, som også er lokalisert i Florø.

 

Med 25 års erfaring, og alle nødvendige godkjenningar er vi ein trygg samarbeidspart. Om du er privat- eller firmakunde, skal du og dine ønskjer bli ivaretatt på best mulig måte. Målet vårt er at kundane skal bli meir enn fornøgde.