Referanser

Rør og veg som hand i handske i Kinnvegen

Vi har jobba som hand i hanske, fortel Thor Arne Ullaland, om arbeidet med utbetringa av Kinnvegen, mellom sjukehuset og flyplassen. Firmaet Trygve Ullaland har hovudentreprisen og har mange maskiner på gang langs vegen som vi gi byen eit stort løft. Florø Rør er underleverandør, og står for alle dei viktige elementa som vi ikkje ser - røra som ligg skjult i vegen. Dei er like viktige som vegen.

Kransebakken

Moderne terrassehus på Solheim som inneheld 18 leilegheiter. Vi har prosjektert det i lag med iVest Consult og har levert VA-anlegg på utsida og innvendig sanitæranlegg. Kransebakken har satsa på luft - vatn varmepumper, som vi har levert og montert.

SAR nytt industriområde

Til det nye industriområdet på Botnastranda har vi hatt eit omfattande arbeid med vatn og avløp utvendig. Innvendig har vi hattansvaret for sanitæranlegget, varmeanlegg med radiatorar og luft - vatn varmepumpe. Prosjekteringa av anlegget er utført i samarbeid med iVest Consult.

Markegata 46

Dette er boligbyggelaget BOB sitt nybygg med 20 leilegheiter midt i byen. Vi har stått for prosjektering i lag med iVest Consult. Det utvendige VA-anlegget er levert av oss, i tillegg til varmeanlegg med golvvarme, innvendig sanitæranlegg og varmepumpe luft - vatn.

Hamnegata 5 Florø Apartments

Dette bygget inneheld 29 leilegheiter for langtids- og korttidsleige (leilighetshotellet). Vi har prosjektert dette bygget i tett samarbeid med iVest Consult, og vi har levert VA-anlegget utanfor bygget i tillegg til sprinkleranklegg og dei topp moderne sanitæranlegga. Se www.leilighetshotellet.no

Horne Brygge

Dette er blitt eit signalbygg i Strandgata, som vi er stolte av å ha i vår portefølje. Her har vi alt av vatn og avløp utvendig i tillegg til innvendig sanitæranlegg og varmeanlegg. Vi har vore med heilt frå starten av og har prosjektert i lag med iVest Consult. Kontora i Horne Brygge ligg rett ved sjøkanten og får oppvarminga si frå sjødjupet utanfor.

EWOS

Florø Rør og EWOS har følgt kvarandre gjennom 25 år. Florø Rør har gjennom alle år vore EWOS sin hovudleverandør på industrirørlegging og VVS for både små og store prosjekt. EWOS nyt godt av vår allsidige kompetanse på rør og vi leverer jamnleg service og vedlikehold på fôrfabrikken i Gunhildvågen.