Rør og veg som hand i handske i Kinnvegen

Vi har jobba som hand i hanske, fortel Thor Arne Ullaland, om arbeidet med utbetringa av Kinnvegen, mellom sjukehuset og flyplassen. Firmaet Trygve Ullaland har hovudentreprisen og har mange maskiner på gang langs vegen som vi gi byen eit stort løft. Florø Rør er underleverandør, og står for alle dei viktige elementa som vi ikkje ser - røra som ligg skjult i vegen. Dei er like viktige som vegen.

Langs med den nye Kinnvegen går det kilometervis med rør nede i bakken, som sikrar ny hovudforsyning til Havreneset.

- Robert Ellingsund og medarbeidarane hans er på plass og leverer når dei skal, fortel Ullaland som er kjempefornøgd med samarbeidet. Det er mykje som skal klaffe når dei kommunale leidningane for vatn og spillvatn skal bytast ut. I tillegg har Florø Rør levert nytt dreneringssystem for Statens Vegvesen, langs Kinnvegen. 

Kunnskap og samarbeid er nøkkelen til VA-suksess

- Dette er den største VA-jobben vi har hatt av dette slaget fortel prosjektleiar Ellingsund. Byggetida på 2 ½ år er ei stor påkjenning for bebuarane langs vegen, og dei har vist stor forståing. - Vi har så langt ikkje motteke klagar, fortel Ullaland. Det er store utfordringar med å kople om rørsystemet på same tid som det er i drift. 

- Stenging av vatn har vi prøvt å legge til nattetid for at ulempene skal bli minst muleg, og kommunen har utvikla eit godt varslingssystem. I tillegg til solid arbeid er smidigheit og samarbeid nøkkelen til suksess for eit så omfattande prosjekt, meiner dei to leverandørane.

To VB Rørleggere fra Florø Rør ved siden av servicebil
  • Heile Kinnvegen skal gravast opp
  • Det skal byggast fortau på eine sida av fylkesveg 545 Kinnvegen frå Michael Sarsgate til Thor Solbergsveg.
  • Byggetid 30 månader midt i bymiljø
  • Fornying av teknisk infrastruktur, (vatn/avløp)er ein del av prosjektet.